Før eg legg ut bileta frå biblioteket ved Trinity College, berre må eg leggje ut endå fleire haustbilete. Me er på tampen av oktober, og det meste av haustblada ligg no på bakken. Eit teppe av haustlauv oppå det grøne graset, eit teppe av haustlauv på den grå grusen langs Mosvatnet. Raud, oransje, brunt og gult, alle fargane om kvarandre. På nokre av trea er det framleis små blad som nektar å falle. For hausten er ikkje heilt over. At dette er min jobbveg, eg smiler stort der eg går eller syklar.
Sider
▼
30. okt. 2024
At dette er min jobbveg
Før eg legg ut bileta frå biblioteket ved Trinity College, berre må eg leggje ut endå fleire haustbilete. Me er på tampen av oktober, og det meste av haustblada ligg no på bakken. Eit teppe av haustlauv oppå det grøne graset, eit teppe av haustlauv på den grå grusen langs Mosvatnet. Raud, oransje, brunt og gult, alle fargane om kvarandre. På nokre av trea er det framleis små blad som nektar å falle. For hausten er ikkje heilt over. At dette er min jobbveg, eg smiler stort der eg går eller syklar.
28. okt. 2024
Trinity College, Cambridge
Guida tur på Trinity College i Cambridge, det var ganske stas å få med oss. Det var fyrst og fremst mannen min som ønskte å få med seg ein slik tur, men også eg fann det veldig interessant og. Tredje generasjon av Newtons epletre står på utsida av skulen. Og det var i denne skulegarden dei sprang om kapp, den såkalla Great Court Run, i Chariots of Fire (okei, det blei ikkje filma der, men nokre av dei historiske personane sprang der, og tenk: i år er det akkurat hundre år sidan OL i 1924 som filmen handlar om), fleire nobelprisvinnarar, i alle fall ein prins gjekk der og det ligg mykje historie i dei veggane, heilt tilbake til 1546. Og så klart har dei fleire forbodsskilt mot å trø i graset ;)
Overalt var det noko å sjå, og guiden fortalde oss både små og store historie. I forrommet til kapellet, var det statuar av både Isaac Newton og Alfred, Lord Tennyson – eg kan enno den norske versjonen av "Ring Out, Wild Bells" på grunn av Gisle Straume si framføring av diktet i den eine Stompa-filmen, tihi. Ordentleg symmetri inne i sjølve kapellet, og taket var sirleg ornamentert.
Kvinner fekk ikkje gå på skulen før 1980-talet, fleire hundre år etter at skulen var grunnlagd, men no har det til og med vore ein kvinneleg rektor. Colleget har fleire bygg og fleire små grøne plenar, alle heilt flate og nyklipte. Nokre av bygga, deriblant matsalen, er midt i ei renovering, men det må jo til når skulen er nærmare fem hundre år gamle. Guiden tok oss vidare til biblioteket, fortsetting følgjer.
27. okt. 2024
Intermesso i eit sjakkparti
Sidan me "fekk" ein time i dag med tanke på at me stilte klokka, Også denne oktoberveka har vore full av fargar sjølv om det eit par av dagane har både regna og blåst ein god del. Endå meir julevarer på jobb og på tysdagsøvinga med orkesteret kom det juletonar. Litt tidleg spør du meg, men som eg skreiv førre veke, er det no berre slik det er. Julestemning har eg ikkje, og prøver heller å halde på hauststemninga, i alle fall det som er fint med hausten (er alltid litt skeptisk når november nærmar seg). På torsdag var me ein liten gjeng frå jobb som var heime hos ein kollega, og praten gjekk i eitt. Helga har vore passe avslappa; me var ute på eit par ærend i går, medan me i dag pusla litt med ting her heime. Om litt er dagen – og veka – over, og eg har som vanleg fleire kjekke punkt eg vil dele:
✦ til og med eg heiv meg på Rooney-bølga og verkeleg slukte Intermezzo, hennar nyaste bok
✦ sjå Where the Crawdads Sing, synest det var ein god adapsjon av boka
✦ sosial torsdagskveld med pizza og prat hos ein kollega ✦ både fint og litt morosamt å lese om katten Ida som blir med på fjelltur
✦ sesongfinalen av Heartstopper var så himla fin (heile serien er jo superfin!)
✦ magisk morgonlys på veg til jobb fredagsmorgon
✦ bøker om bøker er alltid kjekt å lese, og eg likte veldig godt The English Bookshop av Janis Wildy
✦ nesten Tre nøtter til Askepott ute på tur
✦ sommar og haust, begge delar i oktober med både tusenfryd og eit haustblad i det grøne graset
✦ å, eg er blitt så glad i denne serien, og A Wedding at Hedgehog Hollow er den fjerde i rekkja
✦ tredje veka på rad at eg høyrer "I Know Him So Well" frå musikalen Chess på radioen
✦ lukta av nysteikt brød
✦ både raude og gulgrøne blad mot ein blå himmel
✦ Claire Keegans Small Things Like These rommar så mykje sjølv om det er ein kortroman
✦ når eg går til jobb: les litt på lesebrettet medan eg traskar av garde (tittar ofte opp, altså)
✦ komme heim til heimelaga falafelar fredagskveld
✦ Zalo blei henta på måndagskveld, men han er no ein artig skrue kva dag som helst
✦ fullt av gylne blad på eit tre langs jobbvegen min
✦ sundagskjensla med strikking, stopping av ullsokk, kjekk avisreportasje og eit par Non Stop attåt
24. okt. 2024
Framleis oktoberfargar
Raudt blad på grusen langs Mosvatnet. Å få små, gule blad i andletet når eg syklar. Det er tydeleg at det fleire plassar byrjar å bli færre og færre blad på sjølve trea, at mange av dei snart står heilt nakne, men enn så lenge er det framleis fargar å sjå når eg er på veg til eller frå jobb. Både grønt, gult, raudt og oransje, dei tre sistnemnde fargane så varme og gylne. Dette er oktober.
22. okt. 2024
Kulaste mattjuven 🦜
Helgebesøk av Zalo er alltid like artig. Fyrst må eg berre seie at konserten sundagskveld, var veldig kjekk, og det var mykje folk både i salen og på scena. Så var det Zalo. Sjølvaste grøngule lynet. Han der lille rabagasten. For det var han denne helga. Med ein gong han skjønte at me skulle ete, kom han fykande ut og prøvde å få tak i ein bit eller to. Spagetti på fredagskvelden var ein vinnar, det var faktisk vanskeleg å få han bort frå matfatet slik at me kunne ete i fred ;) Litt kokt egg om morgonen er nok det aller beste, og etterpå pleier han å stå oppå buret og leike med eggeskalet.
Etter fredagstacoen, spelte me "Takenoko". Og jepp, det ville Zalo også vere med på. Me la fram litt fuglevenleg mat, han nippa så vidt på brokkolien, men det var visst ikkje det heilt store. Å sitje på hovuda våre, er nok det aller kjekkaste, for då er han kongen på haugen. Tihi, han var herleg då han sat på hovudet til mannen min og song til låta "Superstar" frå Jesus Christ Superstar. Det er ingen tvil at han vil vere med der det skjer. Ein alltid grøngul og kul fugl, du er ein fining, Zalo!
20. okt. 2024
Orkestergreier, fuglebesøk og kjekke timar på kafé
Som du sikkert allereie har sett, er det fullt av haustfargar i denne vekas sundagsliste. For som Anne Shirley i Anne of Green Gables sa: "I'm so glad I live in a world where there are Octobers!". Eg har gått til jobb blant haustfargane og eg har sykla i greie temperaturar. Litt rart at me allereie har plassert julevarene på jobb, men det er no slik det er når ein jobbar i butikk har eg skjønt. Noko av det kjekkaste denne veka, var å møte to veninner etter jobb rett før helga byrja, og me sat på ein kafé i nesten to timar og prata og lo. Og med Zalo her i helga, har det ikkje vore mangel på latter: han skal absolutt ete det same som oss, og på fredag kom han susande fleire gongar for å prøve å stele spagettien frå oss ;) I går tok me det heilt med ro, for me visste at i dag kom til å bli ein travel orkesterdag. Gleder oss til konsert seinare i kveld, og tenkjer eg berre postar lista no med ein gong:
✦ faktaboka Orkesterboka er eit funn!
✦ komme heim frå jobb ein av dagane til ein flott rosebukett på bordet
✦ kafébesøk i lag med to gode veninner, og det var så innmari koseleg å sjå dei igjen :)
✦ er einig i Anne Shirley om at det er fint å leve i ei verd der oktober finst
✦ bøkene i The Heritage Collection frå Wordsworth Editions er så utruleg vakre
✦ sykle langs ein del av Mosvatnet no om dagane
✦ lese Mummipappa på eventyr, kjekt å lese Janssons bøker kronologisk
✦ å gjenlese Anne-serien, her med Rainbow Valley (bok nr. sju) er ei sann glede
✦ sjå sesongfinalane av både Vera og Slow Horses (Gary Oldman som Jackson Lamb er jo heilt rå!)
✦ kontrastane mellom eit tre med grøne blad og eit tre med haustraude blad
✦ Zalo er som vanleg ein ordentleg gul og kul fugl
✦ laurdagstaco, kjekk film og me fekk også tid til å spele "Takenoko"
✦ Mirandas vlog-episode der ho mellom anna besøker huset til Beatrix Potter
✦ minitur rundt eit lite vatn
✦ prate med ein kunde på 101 år som skraut av både servicen og ein heimestrikka, oransje topp
✦ spele konsert med orkesteret
✦ og når ein snakkar om orkester: denne artikkelen om instrumenter obo er fascinerande
✦ få unnagjort ein del kasserargreiar i samband med orkesteret
✦ fargeeksplosjon på eit tre, sett på veg til jobb
✦ lese i lag med mannen min eit par av kveldane
✦ vemodig å lese ut den siste boka i serien om Bergman-brørne, men den var i alle fall kjempekjekk
18. okt. 2024
Dei der haustfargane 🍁🧡
"[...] —a
glorious October, all red and gold, with mellow mornings when the
valleys were filled with delicate mists as if the spirit of autumn had
poured them in for the sun to drain—amethyst, pearl, silver, rose, and
smoke-blue. The dews were so heavy that the fields glistened like cloth
of silver and there were such heaps of rustling leaves in the hollows of
many-stemmed woods to run crisply through." (L. M. Montgomery, Anne of Green Gables). Kameraet er ofte med meg for tida.
For den fargeeksplosjonen som er ute no, den er til å ta og føle på. Å gå til jobb er ei sann glede, det er gøy å ha med meg kameraet og prøve å fange haustkjensla. Og det er ikkje slik at eg berre ser det gjennom kameralinsa; eg tar meg tid til å titte opp og sjå, eller senke blikket og få auge på fargerike blad midt i det grøne graset, prøver å nye det fine hausten kan by på når det dagen før var grått.
16. okt. 2024
Å vandre litt i Cambridge
Cambridge er kjent for sine mange college, og det kjente Cambrigde University er delt inn i 31 forskjellige college der mange av dei er gamle bygg med internat der studentane bur. Trinity College er eit av dei mest kjente, men meir om det sidan – me hadde nemleg tinga ei guida omvisning der dagen etterpå. Tok som nemnt bussen tilbake etter å ha vore i Grantchester, gjekk litt rundt i sentrum, og me stoppa opp for å beundre Christ's College, delar av det likna eit lite slott! Klokka var også ganske fascinerande. Raude bussar er forresten eit vanleg, britisk syn, eller kva?! ;)
Bokhandlar som dette, eg blir aldri lei. Kjekt å sjå stilige puslespel og ei heilt eiga bokhylle med bøkene av Agatha Christie. Traska litt meir i sentrum, gjennom Parker's Piece og sidan tok me ein roleg kveld sidan me begge var litt forkjøla. Heilt greitt å ta det med ro på ferie. I alle fall litt.