Sider

7. juli 2024

Juli er her




Laurdagsvakt på jobben i går, dimed var det godt å ikkje gjere noko særskilt i dag. Og med det gråvêret som har vore ute i løpet av denne sundagen (det verkeleg bøttar ute no), freista det heller ikkje å traske ein tur eller liknande. Sidan eg jobba i går, hadde eg fri i byrjinga av veka. Så kom plutseleg onsdag då eg eigentleg skulle ha jobba kveld, men som blei morgonvakt på kort varsel sidan ein kollega var sjuk. Slik er det jo av og til. Fekk mykje varer som me prisa og prøvde å plassere, dagane har gått ganske fort. Kjekt å vere i lag med ei god veninne på måndag og sidan møte ho på jobb i går. Zalobesøk er alltid like artig, og han har vore her hos oss sidan tysdagskveld. Ein kul, liten raring, tihi. På skjermen no i kveld er det litt Mord og mysterier medan eg skal strikke eit par omgangar. Seier dimed "god kveld" for i dag og deler vekas kjekke ting:
 
Lost for Words av Stephanie Butland blei eg verkeleg dratt inn i – bøker om bøker, altså!
sykle til byen i lag med ei god veninne, ete på kafé og berre la praten gå
traileren til Paddington 3 med mellom anna Olivia Coleman – dette ser gøy ut!
Marie Mesnas Sluke verden hel er ei bok der det heile vegen ligg noko og lurer i bakgrunnen
spele litt "Bezzerwizzer" med broremann i går kveld
klippa litt fort, men likevel veldig bra: songen "Stars" frå Les Misérables sunge av seks Javert
og når me snakkar om musikalar: stas å høyre "Superstar" på radioen ein morgon
gjensyn med kultklassikaren The Commitments, for ein herleg irsk film full av soulsongar
grøftekantsbukettar kva dag som helst :)
får bokbutikkinspo av å sjå desse videoane frå Miranda, så himla mange fine butikkar i London
å lese ut den tredje boka i krimserien om rettsarkeolog Ruth Galloway
to fine bruktfunn som eg fann då eg var i byen med veninna mi måndagsformiddag
tenkjer eg må få til å besøke gjenbruksbutikken Stas og Fjas snart
solnedgangen for to dagar sidan
Zalo er den aller kulaste og gulaste fyren
alltid like søte, dei der kattane med Bami og Damisom dei største sjarmtrolla
lesestund om morgonane før eg skulle av garde til jobb
sykle til jobb utan regn (for det har faktisk regna ein del her denne veka)
"Top 20 Movies EVERYONE Should See at Least Once" – for Singin' in the Rain og Citizen Kane
komme heim til knallgod laurdagspizza etter å ha vore på jobb fram til sju
Et godt liv av den franske forfattaren Virginie Grimaldi var ei fin og rørande bok
tittelmelodien til Mord og mysterier

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar