Sider

27. juni 2024

Spasertur på ein tysdag


La praten gå i takten med føtene. Ein liten spasertur i lag med ei god veninne på tysdag. Lummert var det, men turen og selskapet var bra. Titta på grøftekantsbukettane, lo og mimra, og me fekk auge på svanefamilien. Mange små og grå dunnøste, søte er dei! Etter ein dryg time i lag, traska me kvar vår veg. Ordentleg nostalgi med denne buskmuren som eg såg langs ei av naboblokkene, for då me besøkte tante og onkel i Horten då me var yngre, var dette ein busk som stod tett ved huset. Det er rart korleis ein hugsar noko sånt så godt. Alt det ein kjem på når ein er ute og spaserer :)

2 kommentarer:

  1. Å! Buskmure er et barndomsminne her også. Gårdshuset mamma og pappa leide da jeg var lita hadde slike hekker. Jeg går alltid forbi de med en nostalgisk følelse 😊

    SvarSlett
  2. Litt artig å lese at det også er andre enn meg som får ei nostalgisk kjensle av desse små, gule blomane 😊

    SvarSlett