Sider

5. mai 2024

Bokfavorittar i ei veke med kjærastetur




Kom heim halv seks i kveld etter å ha vore vekke sidan rett etter frukosttid i går. Me var nemleg på ein kjærastetur til Egersund, og i same slengen var me også innom Sokndal og Hauge i Dalane. Så gøy å utforske nye plassar, slappe av på eit hotellrom med kvar vår bok, ete god mat på ein bra restaurant, eigentleg ein miniferie. På ein måte var det miniferie også midt i veka sidan eg hadde tysdagen fri og onsdag var 1. mai. Har lese mykje og vore på sykkeltur i finvêret medan dagane på jobb har gått med til å gjere alt klart til maisalet. Som du sikkert skjønner, gjekk helga veldig fort, akkurat slik det pleier å gjere når ein er på tur og har det gøy. Eg knipsa mange bilete (inga overrasking), så eg tenkjer eg kjem til å leggje dei ut litt etter litt her på bloggen – håper de er klare for det ;) Snart er dagen over, i morgon er det måndag og eg har ei liste med kjekke ting:
 
som eg koser meg med å lese Anne-bøkene igjen, og Anne of Avonlea var ei kjekk gjenlesing
Egersund med alle sine koselege trehus, til dømes dette gule (for gult er alltid kult!)
engkarse på veg til butikken
solstrålen rett før eg parkerte sykkelen måndagskveld
ny krimbok frå Merete Junker: Redebyggeren 
teste delar av sykkelstamvegen som me ikkje hadde prøvd før i lag med han der fine
søte og herlege lundefuglar av Sarah Rhys
kjærastetur no i helga 
køyre kystvegen til Egersund, ei meir scenisk rute
lese finaste Anne of Green Gables (og berre sjå på det vakre omslaget på denne utgåva!)
koseleg å høyre The Comfort Book Club-episoden om nettopp Anne of Green Gables 
verkeleg setje av tid til å lese, både før jobb, etter jobb og då eg hadde fri
kaffipause på Mocca midt i Egersund
byrje å sjå sesong fjorten av The Great British Bake Off som ligg ute på NRK Nett-TV
lamma på jernaldergarden, dei er like søte kvart år
Helleren ved Jøssingfjorden, gamle og fascinerande hus
når ein fyrst er innom Egersund, er fayancemuseet eit must
å måtte stoppe på veg til jobb fordi ein berre må nyte synet av blomane på trea
utelesing i graset ein fridag

2 kommentarer: