

Utsikt frå hotellrommet som me budde på i helga. Alle dei nydelege haustfargane mot den lyseblå hausthimmelen! Som førre gong me to var på tur saman, nemleg i mars, var me superheldige med vêret. Etter kafébesøket gjekk me til Grünerløkka (tihi, igjen). Der er det så mange kjekke butikkar å titte innom, rett og slett ein koseleg plass i hovudstaden som eg kan besøke igjen og igjen. Og som i mars, gjekk me via Telthusbakken på veg tilbake til hotellet. Alt det flotte haustlauvet som eg såg overalt, både grøne og gule tre hengjande over Akerselva, det var hauststemning de luxe.

Herlige Telthusbakken! Du får alltid fram de fine sidene av den gata igjennom bildene dine. Ren nostalgi for meg, som du vet! :D
SvarSlettHilsen Anna, glemte jeg å få med!
SvarSlettTo musikalhelger i lag med veninna mi og begge gongane endte me opp med å gå opp Telthusbakken :D For det er verkeleg fint der, så fint at ein må stoppe opp for å prøve å fange stemninga :)
SvarSlett