Sjeldan ein kan sjå nordlys over Stavanger, men det skjer ein gong i ny og ne. For min del såg eg det for fyrste gong for akkurat ei veke sidan. Kanskje ikkje så sterkt som det ein kan sjå lengre nord i landet, men me fekk faktisk auge på det grøne lyset som dansa over nattehimmelen.

Aurora borealis. Akkurat like vakkert som det høyrest ut. Stod oppe ved Ullandhaugtårnet for å få utsikt over byen, og det var me ikkje aleine om. Skal innrømme at det var mykje lyssforureining, og eg er heller ikkje ekspert på det der med å ta bilete av nordlyset, men nokre bilete av den grøne slangen på himmelen blei det no. Å stå der i den litt kalde lufta, ein heilt vanleg måndagskveld heilt på tampen av vinteren, og endeleg få oppleve dette fenomenet, det var eigentleg ganske stort.

Ååå, så fine bilder! Det er en skikkelig luksus å oppleve sånt nordlys her i sør - rett og slett magisk!
SvarSlettOrdentleg kvardagsmagi! :D Må seie det var stort å sjå det for fyrste gong, takk for fin kommentar, Synne! :)
SvarSlett