Salig blanding av mobilbilete og bilete frå det vanlege kameraet, og dei ligg heller ikkje heilt kronologisk. Men pyttsann. For togturane me hadde på onsdag såg nemleg slik ut: norsk natur i all si prakt! Fyrste delen av turen, mellom Oslo S og Dombås (me bytta tog på Lillehammer), er ein del av Dovrebanen. På Dombås tok toget av mot Åndalsnes og då var me over på Raumabanen, ei av dei finaste togrutene i Noreg. Isande blått vatn og grøne enger, hus langt oppi fjellsidene, fossar og høge fjell. Prøvde å lese litt innimellom, men det blei ikkje så mange sider, blei heller sitjande i setet og berre sjå ut. Joda, det har blitt mange tog på oss i det siste – framleis er eg ikkje lei!


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar