Rundt Vannassen fredag førre veke, såg me ei svane med to ungar. Å, dei er så søte når dei er grå og dunete! Ingen stygge andungar her i garden. Trefte i tillegg på eit piggsvin då eg sykla til jobb på måndag. Sjølv om eg byrja halv sju om morgonen, tok eg meg tid til å stoppe for å knipse eit lite bilete med mobilen. Ein skjønn, liten krabat. Gløymde forresten biletet av blometreet i sundagens blogginnlegg, men litt ekstra flott å gå tur i mai når sola skin gjennom alle dei fine blomane. Skjønner ikkje at me skriv juni på laurdag allereie. Våren er snart over og sommaren er i anmarsj.
Ååå jeg fikk så lyst å kose med både svaneungene og piggsvinet ♥ Men det spørs hvordan det hadde blitt å kose med sistnevnte ;)
SvarSlettSvaneungane ser jo så mjuke og gode ut <3 Hi, hi, piggsvinet derimot ;) Men søte er dei no likevel!
SvarSlett