Gatekunst. Når eg ser slike fargerike måleri på veggen, stoppar eg opp nokre ekstra sekund. Kjenner eg blir ekstra glad. Stavanger har mange, og det hender stadig vekk at eg oppdagar nokre nye. Nye i mine auge, i alle fall :) I Moncton fekk dei i fjor
tretten slike veggmåleri, blant anna den blå fuglen (blue jay), havmannen og også den store på
studentblokka på campus. Fuglen er laga av
Étien, den gamle, fargerike mannen av
Kevin Ledo og havmannen er laga av
WD. Litt usikker når det gjeld dei to andre, men diggar uansett at ein slik kunst kan vere så allmenn, så tilgjengeleg. Så mykje fargar, stilige motiv, raude ballongar, midt i sentrum. God og fargerik fredag, alle saman!
Herregud så fine <3 Dette har vi ingen av i Hamar.. Ikke bra nok! Godt å høre at det er mange i Stavanger, Oslo har også mange!
SvarSlettBlir rett og slett i ordentleg godt humør når eg ser slike måleri! :) Og er glad dei har mange også her i byen <3
SvarSlett