No byrjar me å nærme oss slutten på Interrail-turen. Det har tatt tid, men det er berre fordi eg har hatt så mykje eg ville vise dykk, og i mine auge er over tjue bilete i eit innlegg for mykje. Men over til dagens lille glimt frå Budapest. Me stakk nemleg innom den store mat- og marknadshallen i byen. På ungarsk heiter den Vásárcsarnok (trur ikkje eg skal prøve å uttale det). Bygget er frå heilt i slutten av 1800-talet. Mykje å sjå og kjøpe, kanskje litt for mykje, for eg må nok innrømme at me gjekk tomhendte ut. Men likevel verdt eit besøk. Fann ein plass der me kjøpte litt is; det var godt over tretti gradar ute! Titta også opp på den grøne brua medan me gjekk litt rundt i byen.
I løpet av turen vår, prøvde me jo å besøke eit bibliotek i kvar by. Øvst ser de byngninga inn til Metropolitan Ervin Szabó Library. Det er ikkje lov til å ta bilete inne i biblioteket, men gurimalla, så vakkert det er der! Flotte lysekroner, vindeltrapper, leseplassar i gamle dansesalar og lesekrok med peis tatt rett ut frå Galtvort. Sukk. Tenk å ha det som arbeidsplass, kvar dag. Måtte berre ta eit lite bilete av trikken fordi eg diggar fargen og eit bilete av kulturhuset, for sjekk ut det kule glastaket!



Jeg skulle ønske vi hadde sånne fancy, fine, flotte bibliotek i Norge også. Ok, nå høres det ut som om at alle bibliotekene vi har bare er kjipe, men det er vel fåtallet som ligger i staselige bygninger. Men sånn er det kanskje i Budapest og andre byer med flotte bibliotek også; noen er skikkelig staselige, mens andre kanskje ikke er like staselige. Vi har i det minste bibliotek, hehe ;)
SvarSlettSynes det har vært veldig fint å få sett bilder fra turen deres! Så mange spennende og fine steder dere har vært innom. Virker som turen var meget vellykket! ^^ God helg <3
Er så glad for at me har bibliotek, men er så einig – tenk om me hadde fleire bibliotek her i landet som i gamle bygg med leseplass foran peisen <3 Veldig kjekt å høyre at du synest det har vore fint å få ta ein titt på turen vår. Å reise med tog rundt i Europa er noko eg absolutt kan anbefale :D God helg til deg også ^^
SvarSlett