Trur me såg denne fargerike plassen på eit postkort i ein butikk, og før me drog vidare til neste by (Budapest), ville me prøve å finne plassen:
Hundertwasserhaus. Huset er eit leileghetskompleks som blei laga av artist Friedensreich Hundertwasser og arkitekt Joseph Krawina. Huset blei bygd i åra 1983-85. Så mange fargar, fasongar og artige detaljar! Eit bra siste stopp i ein by eg ser tilbake på med mange gode minne. Og dagen etter var det av garde med tog til Ungarns hovudstad.
Oi, så artig! Fint med litt fargerik arkitektur innimellom alt det grå. Og så de søte, små balkongene ^^
SvarSlettKanskje litt ekstra moro sidan me stort sett "berre" hadde sett eldre bygningar med ein meir klassisk arkitektur ;)
SvarSlett