Måndag. Ein fin dag på jobb, eg skal ikkje klage, men eg synest likevel at måndagane ofte er litt treige. Det er ei god stund sidan eg byrja å
lese i den illustrerte versjonen av den fyrste
Harry Potter-boka, men dette er meg i eit nøtteskal: når eg skal kose meg med ei bok, ein film eller kanskje ein TV-serie, ender det plutseleg med at eg lar det liggje ei lita veke som plutseleg blir til ein månad eller fleire. Slik er det med denne boka. Men i dag fann eg ut at eg ville lese i boka igjen, kose meg med både teksten, dei vakre illustrasjonane, verkeleg dykke ned i J.K. Rowlings univers.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar