Sider

9. des. 2016

Ei god og ypperleg tesamling

Det er nok mest kaffi det går i, men denne hausten har det faktisk blitt nokre koppar med te. Etter kvart har me byrja å få eit lite utval. Akkurat no er favorittane mine vanilje- og aprikos, hylleblomst og Four Red Fruits. Og ein te med ferskensmak er alltid ein slager :) Me kjøper det meste av teen på iHerb, men hylleblomstteen fann eg på Søstrene Grene og Four Red Fruits er jo ein klassikar frå Twinings som ein får i dei aller fleste daglegvarehandlar. Ei lita fredagshelsing frå meg til deg!

2 kommentarer:

  1. Kjekt med eit utval ein verkeleg tykkjer om! Eg har i mitt stille sinn bestemt meg for å ta ei lita opprydding i teskåpet mitt og luke ut dei eg ikkje drikk. Det er mykje metre å ha eit noko avgrensa utval, men vite at dei alle er velsmakande og blir drukke.

    SvarSlett
  2. Sidan det går mykje i kaffi, er det greitt å kunne ha ei lita tesamling som me veit at me liker og som me kjem til å drikke opp utan at det står på hylla i ti år. Og så er det (som det er med det aller meste) lettare å ha oversikt når det ikkje er så altfor mykje :) Ikkje for det – det er jo litt ekstra stas å av og til kjøpe eller få ein ny te som ein etter å ha smakt verkeleg liker og som ein gjerne vil ha meir av ;)

    SvarSlett