På laurdag, etter at eg hadde vore på jobb, men før middag, tok me på oss ytterklede og gjekk ein liten tur i nærområdet. Høgt på himmelen såg me eit hjarte; det er rart korleis fantasien plutseleg ser noko som eigentleg ikke er der. Etter kvart byrja sola å gå ned, og for ein solnedgang det blei! Me var oppe på ein bakketopp med nydeleg utsikt. På biletet rett over kan ein sjå Ullrigg bada i lys.
Ullandhaugtårnet og nokre høyballar var også bada i det oransje og rosa skjæret. Vakkert! Tenk at me er i slutten av oktober og får oppleve slikt klarvêr! Me har så langt vore heldige denne hausten.
Heilt oppe på toppen av bakken blei me ståande ei stund. Stod der, stille. Såg utover fjorden, det nydelege lilla lyset som traff Ryfylkeheiane. Og nesten heime var det framleis så fint på himmelen.






Dei blårosalilla fargenyansane på dei nest nedste bileta var til å drøyme seg inn og drukne i (på mest mogleg ufarlige måte, sjølvsagt)!
SvarSlettFantastisk bra skildring, Ragnhild! :D Var omtrent slik det var også ^^
SvarSlettVilka otroligt vackra vyer du fångat, Silje!
SvarSlettTusen takk, Sandra! Ønskjer deg ei god helg :)
SvarSlett