Ein fin tallerken og to søte koppar. Klarte ikkje å gå frå desse tinga då me var på Kyrkjetorget på laurdag. Dei kjem nok mest til å stå til pynt i bokhylla vår, men dei passar jo rett inn saman med
desse grytene, tekanna, den andre lille koppen og den grønoransje tallerkenen. Koppane trur eg er frå
Stavangerflint, og den nye tallerkenen er frå den svenske produsenten
Rörstrand. Den tallerkenen som allereie stod i hylla er faktisk frå same produsent :) Eit morosamt samantreff! Må berre få tak i ei ekstra støtte slik at begge tallerkenane kan stå til pynt slik at dei kjem til syne :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar