Ordentleg studiedag på skulen i dag. På ein laurdag. Det nærmar seg tid for innlevering av semesteroppgåva, og eg skriv meir effektivt på skulen, så då var valet enkelt. Me høyrde litt på
Popquiz, eg måtte ta bilete av
brød-elgen som no står i hovudhallen, rett ved biblioteket, på skulen, og elles blei det mykje skriving (som du kan sjå på biletet, så står mattebøkene og litteraturbøkene på rekkje og rad). No har me begge to lagt frå oss skulearbeidet, og det kjem til å bli ein roleg kveld med heimelaga pizza, ein film, berre vere oss to. Akkurat som førre laurdag :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar