Sider

7. apr. 2026

Bypåske





Særskilt med påskepynt har me ikkje, men det hjelper med gule blomar og eit par påskeegg. På fredag inviterte me familien hit på middag. Me serverte kalkun på det alltid fine mormorserviset og hadde kake og kaffi til dessert. Trur maten fall i smak hos alle, i tillegg kan du tru at me lo godt då me spelte "Kokkelimonke". Kjekt å få eit Jane Austen-puslespel i bursdagsgåve av ei veninne (og sjølv om det ikkje er med på bileta her, fekk eg også andre fine ting, mellom anna ein flott, heimestrikka topp). Påskepynten på stovedøra heime på Sola fekk i alle fall meg til å smile.




Joda, det regna og blåste godt på sundag, likevel kom me oss ut for å bowle. Gøy å gjere noko slik i lag! Me var sju personar og eg klagar ikkje over den fyrste runden, tihi! Etterpå blei det god middag på Sola, me spelte "Decrypto", drakk kaffi, åt kaker – for ja, det var meir enn ei – og det var hyggeleg å vere i lag då det storma ute. Sakna jo litt å vere på hytta, men bypåske var ganske bra det også!

5. apr. 2026

Bursdagspåskesundag






Bypåske kan vere ganske fint det også sjølv om eg skal innrømme at det er litt rart å ikkje vere på hytta oppe ved Moslivatnet i år. Men slik er det når doen held på å bli oppgradert, og med påskekrim, påskequiz, påskeegg og generell påskestemning her i heimen, skal eg ikkje klage. Dagane har gått litt for fort; på måndag hadde eg min siste dag på jobb og på onsdag var eg innom nyjobben. Eg byrjar der rett etter påske og antar at det kjem til å bli mange nye inntrykk og mykje eg skal lære. Kjempekoseleg å ha påskefrukost med quiz her på torsdag, på fredag var familien min her på middag og i dag – trass ekstremvêret "Dave" – blei det både bowling, middag, kaker, gaver og hygge, for det var bursdagssundag. Hipp, hipp hurra for meg ;) Mykje lesing og mange koppar kaffi, eit par små gåturar og elles berre prøve å senke skuldrene før det brakar laus med nye jobbutfordringar:
 
✦ påskegule tulipanar, ein klassikar, nytrakta kaffi og noko søtt attåt
✦ stelle i stand påskemiddag her på fredag 
✦ få nydelege solsikkar og kjekt kort frå jobben 
✦ kjempekoseleg å invitere på påskefrukost og quiz på torsdag, og me sat ein del timar rundt bordet
 kul og fargerik keramikk laga av Marlene Eilertsen 
 spele bowling med ein finfin gjeng tidlegare i dag
✦ fleire gode lesestunder
✦ endeleg byrje å hengje opp fleire bilete her i heimen 
✦ sjå ferdig Oscar-vinnaren One Battle After Another
✦ må smile litt av Pudding, denne pusen er ein artig skrue
✦ har eigentleg vore ganske fint å ha bypåske 
✦ bursdagskake heime på Sola 
✦ Ursula K. Le Guins kattebok var ei fin og morosam lita bok
✦ påskeballongar på senteret  
✦ ei av bøkene til Carley Fortune, This Summer Will Be Different, skal bli til film, PEI i mitt hjarte 
✦ humle og krokusar 
 ordne nye pass
✦ veggpynten på nyjobben, kjekt å stikke innom og helse på fleire av mine nye kollegaar 
✦ Steve Balsamo som syng "Gethsemane", for ein falsett på den høgaste tonen! 
✦ fy flate, Alt et av Leander Djønne er ei veldig ubehageleg og samstundes så utruleg god bok 
✦ å sjå ein miniklatrar då me var ute og gjekk tur 
✦ dei herlege illustrasjonane i nemnde kattebok 
✦ lese krim, det er jo påske, og eg las Skjelettets vei av Val McDermid, bok nr. tre om Karen Pirie 

2. apr. 2026

La humla suse



Etter ein lang frukost med quiz, prat og god mat for ein kvar smak i lag med fine folk, slappa me fyrst av før han stakk for å øve og eg gjekk meg ein liten tur. Vinden blåste, men sola varma og over store delar av ruta eg gjekk, fekk eg auge på krokusar. Litt ekstra fint å sjå ei humle nedi ein av blomane. Turen var ikkje særskilt lang, likevel lang nok til å kjenne aprillufta og påskeferiekjensla.