Sider

4. okt. 2021

The Twist



Gjer det litt enkelt når det gjeld besøket vårt på Kistefos – eg legg ut ein haug med bilete og lar dei tale for seg sjølve. Som eg skreiv tidlegare, var me fyrst innom Hadeland Glassverk før me køyrde eit bittelite stykke bort til Kistefos. Kistefos var opprinneleg ein tremassebedrift grunnlagd i 1889. Fabrikken er nedlagd, men sidan 1996 har det vore skulpturpark og museum der. Den eldste skulpturen ser du på det øvste biletet, nemleg "Installasjon" (1948) av Ståle Kyllingstad. To av vassinstallasjonane fanga auga mine: "Energy-Matter-Space-Time" av Petroc Sesti og "All of Nature Flows Through Us" av Marc Quinn. Sistnemnde er som eit stort hjul med rennande elvevatn gjennom holet i midten. Her kan du lese meir om dei andre skulpturane. Galleriet The Twist er endå ein grunn til å besøke Jevnaker. Bygget er teikna av Bjarke Ingels Group og er eit smykke. Kunstekspert er eg ikkje, men her er det mykje stilig, fint og fascinerande å sjå på og oppleve.

2 kommentarer:

  1. Wow, så spennende kunst! Hit fikk jeg også lyst å dra ;)

    SvarSlett
  2. Anbefaler varmt, mykje stilig, artig, rart og fint å sjå på og utforske! :D

    SvarSlett