Alle dei fargerike husa er nok ikkje like gamle, og fleire av husa er i ein meir tradisjonell tømmerstil. Uansett var det veldig koseleg å gå rundt i gatene i Røros. Hus i alle regnbogens fargar (likte godt det mosegrøne huset og det sennepsgule huset som stod tett i tett), ein antikk, liten sykkel og eit glimt av Glomma. Ikkje minst dei enorme slagghaugane etter koparproduksjonen i byen. Eit minimånelandskap. Tenk, meir enn tre hundre år med smelteverksemd.
Finaste mannen! Han er som regel bak kameraet, men av og til får eg lov til å knipse eit bilete eller fem av han ;) Fekk ikkje nok av dei gamle husa, og ein plass gjekk me forbi eit lite gjenbrukssal, sånn "plukk-og-betal-sjølv"-sal. Koseleg med slike små utsal sjølv om ein ikkje alltid finn noko. Kyrkja frå 1784 er eit smykke, og det siste biletet er verkeleg eit postkort frå bergstaden Røros.
Så nydelig! Har SÅ lyst å reise til Røros ;)
SvarSlettRøros stod lenge på lista over plassar eg ville besøke, og dette er verkeleg ein fin og unik by! :D
SvarSlett