Høgdepunktet denne veka må vel vere å gjennomføre tre filmusikkkonsertar på ein og same dag. For me blei slitne, men det var jo samstundes så veldig, veldig gøy! Eit anna høgdepunkt var det å ha heilt fri no i helga, ingen spesielle planar og null jobb. Det trong eg, rett og slett. I dag har sola verkeleg funne vegen hit til byen, og berre det å gå ein liten tur rundt Vannassen fekk meg til å smile breitt. Våren er her! Eg ser at det blei mange punkt på lista denne sundagen, men pyttsann:
✦ filmmusikkonsert der ein god del av musikken til John Williams stod på programmet
✦ vere ein tur på kino med ei god veninne der me såg Beauty & The Beast
✦ få dilla på songen "Evermore" frå nemnde film
✦ den fargerike bokhylla nede på Sølvberget
✦ "Blås i det!" – bileteserie som viser Torshovkorpset spele saman med KORK
✦ ha jentekveld her heime etter kinoen
✦ sjå ferdig krimserien The Team som ei veninne tipsa meg om
✦ "Refleksjoner på en onsdag" inne hos Julianne
✦ kjøpe kaffibønner i ein kaffi- og tebutikk, kverne kaffien og nyte ein god kopp presskannekaffi
✦ le høgt av Bye og Rønning sine songparodiar, denne ("Tore Tang") og denne
✦ for eit røft språk i Ferrantes Svikne dagar, for skrive, det kan ho
✦ tinge billettar heim frå Budapest og konsertbillettar til Berliner Philharmoniker
✦ Emma Watson som svarer på spørsmål samstundes som ho leikar med søøøte kattungar
✦ sykle til jobb i sol og beundre dei lange skuggane frå trea ved Mosvatnet
✦ ha alle songane frå konserten på hjernen
✦ Crosswalk the Musical: Beauty & The Beast – så himla artig
✦ tid til å lese
✦ tenk å ha eit rundt vindauge og ein lesekrok som denne
✦ ete ein god middag heime på Sola
✦ få fiksa kjolen som eg skal ha i bryllaupet om to veker
✦ så mange fine og avslappande GIFs inne hos Synne
✦ gå ein liten sundagstur rundt Vannassen der sola titta fram blant mose og greiner


Åh, den konserten altså, skulle gjerne vært der! Jeg hadde garantert grått når dere hadde spilt musikk fra Harry Potter, haha, #lettrørt. Mye fint på lista di denne uka ^^ Håper du får en fin uke, Silje! <3
SvarSlettHadde vore stor stas om du hadde fått med deg denne konserten ^^ Slik musikk er jo så kjekk både å spele og høyre på (og eg veit kva du meiner med lettrørt). Takk, og det same til deg, fining <3
SvarSlett