Sider

7. aug. 2016

Tre mobilbilete og ein haug med fine punkt

Ei veke med både ferie og jobb er så godt som over. Må vel kunne seie at den fyrste veka i august har vore veldig bra med alt frå bringebærjakt ute i skogen til det å lese ei bok og to i godstolen i lesekroken. Vêret har ikkje vist seg frå si beste side, så det har blitt meir lesing inne enn ute. Men etter jobb i går var det faktisk sol og såpass varmt at eg sat ute på balkongen ei god stund. Ikkje fullt så fint i dag, men, men. Før det blir leggjetid, vil eg dele ei sundagsliste med alle fine lesarar:

✦ ta ein snartur til Mosvatnet for å sjå kor langt dei har komme med bygginga av Nye Gamlingen
✦ "Den lure trubaduren" – om Tønes på aftenbladet.no
✦ gå på bringebærjakt
✦ må berre få skryte litt av bloggkollega Ida angåande dette innlegget :)
✦ få eit tips om den spennande krimserien Springflo av ho veninna me besøkte i Bergen
✦ lese ut boka Barnepiken (The Help) og sjå filmen som er basert på boka – begge veldig gode
✦ desse to, ein stor og ein liten, er jo berre supersøte
✦ vere ute saman med eit venepar av oss, le og prate ein heil haug
✦ Harry Potter & The Cursed Child i posten
✦ "51 Of The Most Beautiful Sentence In Literature"
✦ hugse å setje av tid til å lese, begge to, eg i godstolen og han i dagsenga
✦ prøve meg litt fram med VSCO (her er min profil)
✦ sjå Mord på Orientekspressen (med David Suchet så klart) på nytt
✦ lese alle dei fine kommentarene som har blitt lagt igjen her på bloggen den siste veka
eg smilte og gret om kvarandre då eg las denne trulovingshistoria inne hos Julianne
✦ at om eg kikkar meg omkring, så finn eg alltid noko eg ikkje har sett før ved Mosvatnet
✦ hi, hi, sjekk ut denne hunden og dei søte kattungane
✦ sitje ute i hagemøbelet på balkongen etter jobb i går

2 kommentarer:

  1. Takk for link, fine! ^^ Mye fint på lista di denne uka! Jeg likte også innlegget hos Julianne kjempegodt :) nydelig skrevet! Håper du får en fin uke! <3

    SvarSlett
  2. Alltid like kjekt å få kommentar frå deg, fine Ida ^^ Og det same gjeld å dele ei lenkje eller to til noko eg synest andre også bør lese :) Ønskjer deg også ei bra og fin veke <3

    SvarSlett