Om berre nokre timar sit me på flyet. Eg trur me begge grugleder oss, og om ikkje anna så er me veldig spente. Det heile er nesten litt surrealistisk; på fredag og laurdag stod me midt oppi flyttinga og på sundag brukte me dagen på å rydde på plass flyttelasset. Fyrst i går byrja me å pakke til reisen, og no merkar eg at det ikkje er lenge igjen. Mange sommarfuglar i magen. Koffertane står klare, det same gjer sekkane. Neste gong eg skriv eit innlegg, er me anten på Island eller i USA (for eg håper på å kunne leggje ut nokre innlegg med bilete av korleis me har det på turen). Sjåast!
Good tur så spennende :D
SvarSlettHilsen Hege:)
Takk, Hege! Me er vel framme i Reykjavik, me har fått oss ei god natts søvn, så no er det vel berre til å ta fatt og nyte ferien! Håper alt står bra til med deg :)
SvarSlett