Sider

16. sep. 2012

Dumbo

Barndomsminne. Eg har allereie skrive om eit barndomsminne på bloggen før. Det er mange minne eg kunne ha skrive innlegg om: fisketuren på Hitra då eg plumpa uti vatnet som tre-åring, barne-TV-serien Flukten frå Dyreskogen, Kaptein Sabeltann, alle bilturane til Horten og Hitra saman med familien. Og så mykje meir. Men det er spesielt eit minne eg har lyst til å nemne. Eg kan vel eigentleg ikkje seie at det er eit minne, det er vel heller ein ting, eit objekt, som eg er veldig glad i og som har vore med meg så lenge eg kan hugse, nemleg min finaste bamse Dumbo. Eg er ikkje sikker på når eg fekk Dumbo, men det er i alle fall den bamsen som har vore med meg (og familien) på alle bilturane, seminar, i senga mi då eg var liten og av og til no også. Han står på nattbordet. I tilfelle eg er aleine, slik som førre helg. Han har til og med vært nokre rundar i vaskemaskinen. Me har verkeleg opplevd mykje rart saman. Biletet som eg legg ved er ikkje nytt, men eg synest biletet viser kor glad eg er i min Dumbo :)

2 kommentarer:

  1. Mange fine minner med "Dumbo" (også kalt "Plumbo"??). Han har vært med på mange fine turer og opplevd litt av kvert ja.
    Huske også godt plumpinga di i et vann langt inne på Hitra. Då va eg glad for at du va så trygg i vannet at du ikkje fekk støkken :)

    SvarSlett
  2. Ha, ha! Ja, ei stund var det "Plumbo" og "Umulius" ;) Og med dykkarlappen i boks, trur eg ikkje vatnet er min fiende, tvert imot :D

    SvarSlett