25. apr. 2024

Sennepsgul krukke til ei lita samling


Like spennande kvar gong, å gå inn i ein brukt- eller antikvitetsbutikk er som entre ei eiga lita verd. Fredtun Antikk-brukt ligg ute på Revheim, berre ein liten køyretur unna. Har køyrt forbi mange gongar, men aldri vore innom. Så då me såg at butikken var open her om dagen, stakk me innom. Så mykje å sjå på, beundre og studere litt ekstra. Og plutseleg var det ein liten gjenstand som fanga blikket mitt: ei slags krukke i kvitt og sennepsgult. Eg løfta på den, og under var den signert Albin Brekke. Brekke var ein keramikar som hadde verkstad i Kopervik på 60-talet. Eg veit eg har vist dei før, men dei er så fine at eg viser dei igjen: eg hadde jo nemleg tre andre små krukker frå same keramikar ståande som pynt i vår kjære heim. No har eg altså fire, ei lita Albin Brekke-samling.

23. apr. 2024

Mosvatnet no i april


Mosvatnet. Delar av vatnet ser eg jo kvar dag når eg syklar eller går til jobb, og generelt har eg gått rundt heile vatnet fleire gongar, anten aleine eller i lag med nokon. For det er jo slik det ofte blir når løypa er lett tilgjengeleg sidan me bur såpass nær. Men det går ikkje an å bli lei å sjå at det blir meir og meir vår langs løypa, år etter år. Var ute og gjekk med ei veninne her om dagen. Praten gjekk i eitt, me stoppa opp og titta på kvitveisen, og ein annan plass titta ei svane opp mellom påskeliljene.




Klagar ikkje på å berre spasere, prate meir, le og mimre. Ikkje berre fugleliv å sjå på, for plutseleg sat det ein fin katt på stien. Den berre sat der og såg ut som om den hadde ein liten tenkepause. Rett ved Gamlingen, måtte me også ta ein liten pause, for det går ikkje an å gå forbi blometre utan å knipse eit bilete eller to. Kvart einaste år blir eg bergteken av dette synet. For saman med snøklokkene, er dette eit syn som ropar "vår, vår, vår". Ser opp mot himmelen, smiler breitt.

21. apr. 2024

Kjip slutt på helga








Halsen er vond og energien er låg, typisk forkjøling. Det byrja i går og forma er litt opp og ned. Kom meg på jobb i går – eg hadde nemleg laurdagsvakt – og håper det heile ikkje varer altfor lenge. Heldigvis har det vore mykje anna bra denne veka, mellom anna spaserturar, lesing kvar dag (hadde jo to dagar fri på rad, og gjett om eg fekk sette av tid til fleire lesestunder), me feira mammas bursdag etter jobb på torsdag og stort sett hatt greie dagar på jobb. Veit du kva?! Eg har sånn sett ikkje noko meir å skrive denne aprilsundagen, og overlet difor resten til ei opprekning:
 
lita, men bra bok: Polakken, den nyaste romanen frå J. M. Coetzee
sjå ferdig Batman frå 1989, herleg med ein superheltfilm som ikkje er så seriøs
den tredje boka om Tally Olivia Adams var like god og rørande som dei to fyrste 
Bami, Dami, Haru, Soni og Yuni, ein kjempesøt gjeng små og store kattar
hundetreffpuslespelet
lamma som ein kan sjå fleire plassar nett no 
og apropos lam: sjekk ut denne nusselege illustrasjonen av Danielle Hooi
Balto var her hos oss eit par timar i går, alltid like koseleg
kjekt å vere med på orkesterøving igjen sidan eg ikkje var med på førre prosjekt
fargerike blomar som eg såg medan eg venta på bussen
å lese boka Ro av Sigri Sandberg var ei fascinerande og avslappande leseoppleving 
etter at eg las The Secret Garden førre månad, freistar det å sjå filmen frå 1993
vente på busshaldeplassen med ei bok i handa og sol i andletet
nyte synet av kveldshimmelen rett ved blokka vår før eg parkerte sykkelen for kvelden
feire bursdagen til mamma med laksemiddag, is til dessert og litt kortspel
"Staged Out of Context" – David Tennant og Michael Sheen er så morosamme i lag
høyre på musikk av Karl Jenkins medan me las i kvar vår bok
gå til jobb på fredag
sukk, blomar på trea er eit like nydeleg syn kvart år!
ingen tur i finvêret i dag (forkjølinga), men kaffi, ei kjekk bok og solskin i heimen lyste opp dagen

18. apr. 2024

Hundetreff


Puslespel, ein ordentleg koseleg aktivitet som ikkje krev noko anna enn ei ryddig flate og litt tid. Det er ei stund sidan sist me pusla saman, men nyleg la me eit puslespel på fem hundre brikker.


Ofte er det tusen brikker i dei puslespela me legg, så fem hundre gjekk relativt fort. Men det var eigentleg litt gøy det også, å sjå at motivet blei meir og meir tydeleg etter kort tid. Puslespelet fekk eg til jul av broremann, og det er eit herleg motiv med mange forskjellige hundar ute på tur i snøvêret.

16. apr. 2024

Glade ulldottar




Søte, små ulldottar som spring rundt på eit grønt jorde. Litt på avstand sidan alle var eit stykke unna der me stod og såg på dei, men kjempesøte var dei lell, dei der små lamma som berre hoppar av garde og vil utforske verda. Ser du alle seks lamma på det øvste biletet?! Tihi, to av dei låg bak ein stein og slappa av, berre hovuda stakk opp. Våren altså, når alt vaknar og kjem til liv igjen.

14. apr. 2024

Boksider både ute og inne




 




Ser av bileta i vekas sundagsliste at det er bøker det går, rett og slett ingen tvil om det. Ikkje at det er noko nytt, eller kva?! ;) Har både gått til jobb, sykla og tatt bussen denne veka, og høgdepunktet var å gå til jobb måndag der eg i tillegg gjekk i lag med ei god veninne ein del av tida. Musikalsk var høgdepunktet torsdagskveld, for då var det SSO-konsert og Jean Sibelius stod på programmet. Fiolinist Inmo Yang imponerte stort som solist, og det var kjekt å høyre Sibelius sin fyrste symfoni etter pausen. Få planar i helga, var ute på eit par ærend i går og kjente sola i andletet i dag då me tok nokre bilete ute. Slappa av med kaffi og lesing, sånt som er bra både kvardag og helg:
  
veldig kjekt å lese Mord i prestegården, den fyrste boka med miss Marple i hovudrolla
bruktfunnkjole, gul strømpebukse og fargerik mosaikk
finaste Mosvatnet, anten eg syklar eller går til jobb 
får jo lyst til å reise til Shetland no når eg nettopp såg ferdig den nyaste sesongen av Shetland
dei bittesmå fuglane som Jose Heroys heklar, er rett og slett superfine
klare å lese litt då eg gjekk til jobb måndag (vinden tok tak i sidene, så mykje lesing blei det ikkje)
tulipanane som lyste opp heimen ei heil veke 
eg spelte jo i skulekorps fram til eg var nitten, og denne boka høyrest så artig ut :D
skuggespel frå vårsola 
laurdagstaco og byrje å sjå Batman frå 1989
strikke medan me såg film
Haru er fin som stor, men akk, så søt han var som liten kattunge
lun kaffi, mjukt teppe og ei god bok
gåsehudfaktor allereie på fyrste tone av Sibelius sin fiolinkonsert
og lese eit par sider i ei bok då det var pause mellom fyrste og andre avdeling
Inger Lise Hope sin versjon av "Goodbye Yellow Brick Road" er også gåsehudfaktor
spele vidare på Snusmumrikken-spelet i lag med min betre halvdel
gjere ferdig og tinge heim fotobok frå fjorårets sommareferietur
raudstrupen som eg møtte i botanisk hage, fekk meg til å tenkje på Beatrix Potter sine teikningar
og når me snakkar om Beatrix Potter: introen til TV-serien er eit kjært barndomsminne
Turtschaninoffs Arvejord er ei fengslande historie om familien på Neverbacka gjennom 400 år

12. apr. 2024

Regnbogebukett



Fredagsblomar. Frå fredag til fredag. For førre fredag kom eg heim frå jobb til desse heilt nydelege tulipanane. Så mange friske og glade fargar i ein og same bukett! Blei ordentleg glad då eg kom heim, mannen min kjenner meg godt når han veit eg heller vil ha tulipanar enn roser (roser er kjekt å få det også, berre det at tulipanane er finare i mine auge). No, ei veke etterpå, står dei framleis i vasen på det eine bordet i stova vår. Trur nok ikkje dei står heile helga, men skal ikkje klage på ei veke med slike fargar i heimen – lilla, rosa, oransje, gult, kvitt – det er kvardagsfint, det.